I år har me valgt "læringsstøtte" som satsingsområde. Læringsstøtte er eit domene i CLASS, som har fokus på eigenledelse i leik og læring, tilbakemeldingar, begrepsutvikling, forståing og dybdelæring og språkstøtte. Forsking og observasjonar viser at dette er noko norske barnehagar, og vår barnehage, har litt å gå på, derfor har me i år valgt å bruke ekstra tid på lærngsstøtte og med fokus på språk og språkutvikling.
Pesonalet fungerer som gode rollemodellar, gjennom å vere bevisst på eige kroppssråk, blikk og tonefall. Me bekreftar det barna seier, samtidig som me vidareutviklar samtalen ut frå barnas interesse. Me jobbar for at barna skal bruke språket som eit uttrykk ved konfliktløysing, noko som også bidrar til eit meir variert ordforråd. Ved at barna får tid og rom til å svare, utviklar dei større omgrepsforståing. Derfor stiller me opne spøsmål som krev meir frå barnet enn eit ja/nei svar.
I samling fortel personalet om dagsrytmen for dagen, som etter alder aukar til meir avanserte omgrep. Barnehagen skapar ei felles forståing og vidareutviklar omgrepsforståinga. Barna skal bli kjende med eit mangfald av eventyr, fortellingar og uttrykksformer. Me oppmuntrar barna til å fortelle frå eigen kvardag, og gjenfortelle hendingar. Frå barna er små får dei muligheten til å sjå eige navn, og etter kvart gjenkjenner dei sitt eige navn, og andre sine. Personalet vil også oppmuntre barna til å øve på å skrive bokstavar frå eige navn, dersom dei er klare, og ynskjer det.